Gå til innhaldet

Leiro, Eikelandsosen

Saunaen ved kaien, gratis kvar morgon

Sjølvbetent og vedfyrt, med plass til tolv. Idrettslaget driv saunaen, og overskotet går til idrett og fritid i Eikelandsfjorden.

Eikelandsfjorden Sauna ein sommardag: lyst trebygg med pulttak under eit stort lauvtre, fjellet bak.
Saunaen ein kveld, med lys i vindauget og to stolar på plenen.

Booking

Vel ei økt

Ei økt varer i to timar, og tida det tek å fyre opp er rekna med. Saunaen er kald når du kjem, og du fyrer sjølv.

Eikelandsfjorden ein vintermorgon: nysnø på kaien, blankt vatn og snødekte fjell i solrenninga.

Prisar

Kva kostar det?

Prisen følgjer klokka. Tidleg på dagen er saunaen ofte kald, og då er han rimelegast.

Ei økt

0–165 kr per plass

Ei økt
Ei øktKvardagHelg
kl. 06–09tre timarGratisGratis
kl. 09–1150 kr100 kr
kl. 11–23100 kr165 kr

Ved

Veden er ikkje med i prisen. Ta med eigen, eller kjøp 40 liter for 110 kr. Det held til å fyre opp saunaen.

Kjøp ved

Gåvekort

Frå 250 kr, eller eit beløp du vel sjølv.

Gåvekort

Klippekort

Eitt klipp er éin plass på kva økt du vil. Gyldig i 2 år.

  • 12 klipp860 kr72 kr per klipp
  • 20 klipp1 350 kr68 kr per klipp
Kjøp klippekort

Heile saunaen

Book alle tolv plassane på ei økt med eit 12-klipp: 860 kr, 72 kr per person. Kjøpte enkeltvis på ei helgeøkt kostar dei same plassane 1 980 kr.

Lukka arrangement, forhandsfyrt

Før du går

Før du går heimanfrå

Kryss av medan du pakkar. Lista hugsar kva du har kryssa av i denne nettlesaren.

  • Kjøp ved
0 av 6 klart

Når du kjem fram

  1. Tast koden på hengelåsen ved døra.
  2. Fyr opp omnen sjølv. Har du kjøpt ved, ligg han i kistebenken.
  3. Kjøl deg ned i sjøen, så mange gonger du vil.
  4. Rydd etter deg: svaber vatnet ut døra og vask over benkane. Grønsåpe og nal står klar.
Alt om besøket

Eikelandsfjorden Idrettslag

Ei gåve til bygda

Sparebanken Vest, i dag Sparebanken Norge, finansierte heile saunaen. Idrettslaget eig og driv han som eit ideelt tiltak, og overskotet går til idretts- og fritidsaktivitetane i Eikelandsfjorden.

«Ei uforpliktande helsing, eit lunt smil, ei utstrakt hand; slike er byggjesteinane i dette samfunnshuset.»

Eikelandsfjorden Idrettslag

Me kan ikkje få takka Sparebanken Vest nok for denne gåva.

Bygget

Gul strekteikning av saunabygget: pulttak, ståande kledning, skyvedør og hjørnevindauge.
12
plassar på benkane
5,6 × 2,9 m
utvendig, med omkledningsrom
2023
året saunaen opna

Teikna av Lokalkontoret

Bak badstova

Fullfinansiert av

Levert av

Bygd av Teige Nes Bygg AS i 2023, ved kaien på Leiro.

Morgonøkta er gratis

Kvar dag kl. 06–09, heile året. Om morgonen er saunaen kald, og du fyrer frå kald omn. Difor kostar morgonøkta ingenting.

Ho varer i tre timar, ein time lenger enn dei andre. Veden er ikkje med, heller ikkje om morgonen.

Neste morgonøkt

Spørsmål

Det folk lurer på

Vil saunaen vere varm når eg kjem?

Nei, du må sjølv varme opp saunaen. Det held kostnadene nede og gjer Eikelandsfjorden Sauna til eit prisvennleg alternativ.

Inneheld prisen ved?

Nei. Du kan ta med din eigen ved eller kjøpe 40 liter frå oss på førehand, for 110 kr.

Kor lenge varer eit besøk?

To timar, og tida det tek å fyre opp er rekna med. Morgonøkta kl. 06 varer i tre timar.

Kan me ha saunaen for oss sjølve?

Ja. Book alle tolv plassane på ei økt, gjerne med eit 12-klipp. Vil de ha han forhandsfyrt til eit lukka arrangement, send oss ein førespurnad.

Er det dusj?

Nei. Det er eit lite omkledningsrom, og reint, friskt sjøvatn rett utanfor.

Eg har ikkje fått koden. Kva gjer eg?

Sjekk søppelposten først. Finn du han ikkje, skriv til eikelandsfjordensauna@gmail.com eller ring 452 14 932, så sender me ein ny kode.

Alle spørsmål og bruksreglane

Finn fram

Leiro, midt i Eikelandsosen

Saunaen står ved bryggjekanten på Leiro. Det er mange parkeringsplassar rett ved.

Opne i kart

Leiro 43
5640 Eikelandsosen

Økter kvar dag frå kl. 06 til kl. 23.

eikelandsfjordensauna@gmail.com
452 14 932

Neste ledige Book